Skodda som har regjert over fjell og fjord siste tida har ikkje hindra naturen på Sunnmøre i å trollbinde dei tyske og austerrikske turistane på Alpehytta på Standaleidet. Dei skryt meir eller mindre hemningslaust over alt dei har opplevd, og ikkje minst over opphaldet og oppvartinga på hyttene.

Alt inklusivt

På Alpehytta har dei fått full pensjon med både overnatting og matservering i ti dagar. Bente Enerhaug, med hjelp frå Bodil Standal, har stått for å lage til frukost og middag til gjestane kvar dag. Eit konsept som drivarane av alpehyttene vil satse vidare med, og som ser ut til å fungere veldig godt for turistane.

– Det har vore heilt utmerkt å bu her. Og vi har fått servert den beste maten. Eg er sikker på dette må vere det beste norske kjøkkenet, rosar den smilande og ivrige reiseleiaren frå Austerrike, Fuzzi Kellner.

Erfarne

Kellner har vore turguide i over 40 år, og jobbar for eit av dei største tursentera for fjellklatring i Alpane, «DAV Summit Club». Klubben har hovudkontor i München, og arrangera guida turar over heile verda.

Dei fleste i gjengen på Alpehytta har brei erfaring i fjellklatring, og har vore mykje på reise i Europa, Afrika og Asia. I tillegg bur nesten alle i nærleiken av Alpane. Fjell er difor ikkje noko nytt for gjestane, men Sunnmørsalpane og naturen har likevel teke pusten frå dei.

– Fjella er veldig skarpe og bratte. Det er fasinerande å byrje fjellturane med start heilt frå havnivå. Så er sjølvsagt fjordane noko for seg sjølv, seier Alexander Bodem (27) som er den yngste i gjengen. Han fortel at han også har lært og fått mange tips frå dei meir erfarne fjellgåarane i flokken, noko han er svært takksam for.

Kjem tilbake

Somme har vore i Noreg før, medan andre var i Noreg for første gang. Ein ting er dei samde om, og det er at dei har fått meirsmak, og vil gjerne kome att. Dei seier at vêret kunne vore hakket betre, men at dei ikkje klagar.

– Naturen er like fin likevel.

Nokre er også svært interessert i å teste ut vintersesongen på Sunnmøre.

– Det er heilt ypparlege forhold for turski her, seier Sigi frå Tyskland.

Og reiseleiar Fuzzi Kellner kan fortelje at tursenteret no planlegg å arrangere ein tur i vinter, og kanskje to turar til neste sommar.

Med kontakt og hjelp frå Ørsta Reiselivslag vart programmet for turen deira sett opp. Programmet har dei har vore svært nøgd med. Dei har gått både litt mindre krevjande turar, lengre toppturar, og å padla med sjøkajakk.

Alpehytta Standal tek gjerne i mot framtidig besøk frå dei, og andre som ønskjer å leige hyttene.

– Det er kjekt å drive med dette når dei som kjem er så blide og nøgde med tilbodet, seier Bente Enerhaug.