Onsdag føremiddag kom luksusyachten Savannah inn Hjørundfjorden.

Båten er heilt ny, og vart bygt og sjøsett i år.

Savannah er registrert i skatteparadiset Cayman Island, og vert nytta til utleige.

Båten har eit mannskap på 26, og kan ta tolv passasjerar. Det er seks lugarar for gjestene om bord, mellom anna ein suite og ein VIP-lugar.

Om bord er det sjølvsagt symjebassen, treningsrom og andre fasilitetar.

Kven som leiger båten i sunnmørsfjordane no, er ikkje kjent.

Båten er heile 83,5 meter lang.