I 2011 hindra mannen politiet ved ein utestad i Volda, og prøvde å bite ein politibetjent. Ved to tilfelle i 2012 tok han køyretøy i Volda og Ørsta og flytta desse før han vart arrestert av politiet. Begge gongane var mannen påverka av alkohol/narkotika, og tiltalte hadde promille på 1,71 og 1,85. I oktober 2012 på Lom førte han personbil til trass for at han var påverka av alkohol. Blodprøve neste dag viste promille på 0,40. I 2014 brukte han narkotika i Volda, og prøver gav utslag på THC og kokain. Mannen var tiltalt for fleire hendingar, men desse var forelda etter straffelova. Tiltalte, som tidlegare er straffa og bøtelagt, møtte ikkje under hovudforhandlingane i Søre Sunnmøre tingrett.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel i syttifem dagar på vilkår, og fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. I tillegg kjem eit frådrag på ni dagar grunna varetekt. Mannen vart dømt til å betale ei bot på 10.000 kroner, og vart pålagt sperrefrist for retten til å føre motorvogn i tre år. Sakskostnadane på 1.000 kroner må han og dekke.