Desse har teke imot brev frå Volda kommune om oppseiing av avtalen om bruk av rom i Gamlegymnaset, og dei må ha kome seg ut innan 31. juli.

– Det er sett ein frist på under ein månad. Her må eg vise til det juridiske. Varselet skal vere minst fire månader, skriv Jac Heltne på vegner av Halkjselvika spelemannslag og Gruppe 13.

Men dei to foreiningane reagerer også på at dei vert kasta ut utan vidare. Dei minner om at dei har vore med på å finansiere mykje av oppgraderingane i bygningen, mellom anna det elektriske anlegget.

– Utan brukarane sin medverknad gjennom alle åra frå 1978, hadde huset for lengst vore totalt nedsarva, ja kanskje heilt nedramla, seier Heltne.

Han er dessutan kritisk til kulturarbeidet i kommunen, og hevdar det ikkje er gjeve eit einaste svar frå kommunen på ymse førespurnader sidan Brit Aarseth slutta som kultursjef.

No ber Heltne om eit møte saman med kommune og den nye stiftinga som skal stå for drifta av Gamlegymnaset.

– Brukarane har vortne haldne utanfor i denne prosessen, slår Heltne fast.