Norges Geotekniske Institutt (NGI) har utarbeidd eit forprosjekt for sikringstiltak mot snø- og sørpeskred på Vallabøen.

Forprosjektet er tinga av kommunen etter at NGI i 2011 kom med ein rapport om vesentleg skredfare på Vallabøen, og då særleg i området der Vikemarka skule ligg. Inntil det er bygt sikringstiltak for Vikemarka skule, kan ikkje skulen utvidast.

NGI har kome med fleire forslag til sikring, men konkluderer med at ein vernevoll (fangvoll) vil vere billegast og truleg mest effektivt.

To forslag til voll

Det er utarbeidd to forslag til vernevoll. Ein som skal gje sikring mot tusenårsskredet/femtusenårsskredet, og ein som skal gje sikring mot 333-årsskredet.

Når det er utarbeidd to forslag, har det med kostnadsdekking å gjere. NVE brukar 333-årssikringa som grunnlag for tildeling av midlar til kommunen for bygging av sikringstiltaket.

Den lengste vollen startar på vestsida av Vikeelva, og vil gå om lag 600 meter austover. Vollhøgda vil variere frå ti til femten meter, og vere høgast ovanfor Vikemarka skule. Kostnaden er stipulert til mellom 45 og 80 millionar kroner.

For eit skred med gjentaksintervall per 333 år, er det foreslått å byggje ein fangvoll frå vestsida av Vikeelva og om lag 450 meter austover. Vollen vil variere frå ni til tretten meter i høgde, og vere høgast ovanfor Vikemarka skule. Kostnaden er estimert til å vere mellom 30 og 55 millionar kroner. Prisane er oppgjevne eksklusiv meirverdiavgift.

Kommunen avgjer

– Det er oppdragsgjevar/kommunen som må avgjere tryggleiksnivået. Dette dokumentet skildrar berre to moglege tryggingsnivå, og ei grov vurdering av omfang og kostnader. Det kan vere fornuftig å vurdere tryggingsnivået opp mot kost/nytt, heiter det i rapporten frå NGI.

Det er vurdert andre tiltak enn ein vernevoll. Mellom anna såkalla støtteførebyggingar. Det er tiltak oppe i fjellsida mot Vallahornet for å hindre at snø losnar i eit snøskred.

Sørpeskred

Dette er eit dyrt tiltak. Prisen er kalkulert til å vere mellom 85 og 112 millionar kroner. Når NGI ikkje går vidare med dette alternativet, er det grunna kostnaden – og dessutan at ei slik støtteførebygging ikkje vil gje sikring mot sørpeskred frå Vikeelva. Med auka nedbørsmengder utgjer slike sørpeskred etter kvart eit større faremoment.

Det er også difor det er foreslått vernevollar som strekkjer seg over Vikeelva. Då vil denne vollen gje vern mot sørpeskred.

NGI poengterer at med ei slik løysing må det vere ei såpass stor lysopning der vollen går over Vikeelva at noko lausmassar går igjennom ved eit skred. Dette for å hindre for stort press på vollen, og dermed større øydeleggingar.

NGI har også kort nemnt eit nullalternativ. Det vil seie at det ikkje vert gjort noko form for sikring, men at det vert laga til eit overvakings- og varslesystem. NGI ser at dette vert rimeleg på kort tid. Men på lengre sikt vert det dyrt med kostnader til overvakinga, og slike system kan dessutan vere ustabile.

– Det er viktig å poengtere at det neppe er mogleg å gje hundre prosent sikkert sikringstiltak. Det vil alltid vere ein restrisiko, og det er ei politisk avgjerd kor stor den restrisikoen skal vere, vert det konkludert med i rapporten.