– Vi føler oss veldig privilegerte som vart invitert til Road Show av AMCAR Norge, og at dei valte å kome til Ørsta. Vi fekk då retningslinjer om kva vi måtte stille opp med for å få til dette, fortel leiar i AMCAR Ørsta/Volda, Frode Haukeberg.

Staseleg arrangement

AMCAR Norge er nemleg på turné i høve 40-årsjubileet deira. Køyreruta strekk seg på tvers av landet, og Ørsta var så heldig å bli plukka ut som stoppestad for Road Show, som vert arrangert på plassen utanfor Fjordtorget på søndag.

I tillegg til utstilling av bilane som er med på turnéen vil to amerikanske big-trucker og hengar også stillast ut, og ein trailer vert opna opp med scene og presentasjon av AMCAR. Bilane i AMCAR Ørsta/Volda og andre bilar vil også bli utstilt der det er plass. Det vert servert mat og drikke av medlemer i AMCAR Ørsta/Volda.

– Mykje spennande vil skje, og det kjem bilar frå heile landet til Ørsta. Vi håper at flest mogleg stiller opp, og at det vert fullt med bilar på torget og i sentrum!

Arrangementet er gratis og for alle.