Ørsta kommune er i gang med ein ny runde med namnsetjing av vegar. Denne gongen i mellom anna Barstadvik.

Oppsitjarar på austsida av elva kjem no med forslag til namnsetjing av vegen på austsida av elva, på strekninga Romestrand/Volle.

– Denne vegen utgjer tilkomst til fleire populære fjell- og jaktturar med utgangspunkt i Barstadvik. Vi kan nemne Molladalen, Ramoen, Ramtind, Romestrandhornet, Middagshornet, Klovtind m.m.

– Majoriteten av dei som skal på desse turane kjem med ferja til Festøya, og då vil det vere naturleg med vegnamn som viser tilkomst til dei nemnde turane, seier Trygve Romestrand og Møyfrid Sandbakk på vegner av fleire oppsitjarar.

Forslaget på vegnamn er i prioritert rekkjefølgje: Molladalesvegen eller Ramovegen.