– Sats på festivalane

– Festivalane i Ørsta er ikkje dei største. Men dei er mange, dei skaper liv, og gjev kommunen og regionen godt omdømme.

Kyrre Grimstad i Bratt & Blått ynskjer ei satsing på arenaer for kulturliv.

Nyheiter

Det seier Kyrre Grimstad i Bratt & Blått. Det er organisasjonen bak Trandalblues om sommaren og ymse konserthendingar om vinteren.

Grimstad, som er kommunestyrerepresentant for Venstre og listekandidat til kommunestyrevalet i år, ynskjer å slå eit slag for festivalane. Han lovprisar dei som står bak, og han ynskjer ei sterkare koordinering i marknadsføringa.

– Det grunnleggjande for festivalane er eldsjeler og støttespelarar. I Bratt & Blått starta vi i det små med Trandalblues. Etter kvart vart arrangementet større og arbeidet vart meir krevjande. Etter kvar festival seier vi «aldri meir». Men med hjelp av gode støttespelarar i næringslivet, samarbeidspartnarar som Christian Gaard på Trandal, greier vi å gå vidare. Eg er takksam for at vi har samarbeid med næringslivet, for dei skjønar at slike festivalar også gjev noko tilbake, i form av godt omdømme og ringverknader, seier Grimstad.

Han trekkjer fram ein av dei ferskaste festivalane som eit godt døme.

– Nyleg var det Indiefjord på Bjørke for andre året. Det er eit flott arrangement med særpreg. Det også har starta med eldsjeler som vil noko, seier Grimstad.

Han nemner også Naturfestivalen med Saudehornet rett opp, Hjørundfjorddagar, Dei nynorske festspela osb.

– Festivalane må leve sine eigne liv, men der det offentlege og kommunen kunne ha hjelpt til, er med marknadsføringa. Dette er i hjartet av Sunnmørsalpane, og det er saman mot nye høgder, seier Grimstad.

Det å kunne spele på naturen i samspelet med kulturen som vert skapt, er Grimstad overtydd om er ein vinnar for området.

Grimstad gler seg over den høge aktiviteten om sommaren. Mest kvar helg frå slutten av mai og til ut i august er det større og mindre arrangement, festivalar og konsertar.

Stille vinter

Om vinteren er det derimot stille. Og då har Grimstad ein kjepphest.

– Det er mangel på arenaer, eller tilrettelegging av desse, seier Grimstad.

Han trekkjer fram Ørsta kulturhus.

– Det burde ha vore eigna, men er det ikkje. Kulturhuset har vorte for gammalt på den måten at det ikkje lenger er godt nok tilrettelagt for kva ein moderne produksjon krev. Det vert for tungvint å arrangere noko på kulturhuset. Dessutan er det for dyrt, seier Grimstad.

Han understrekar at han ikkje ynskjer å kritisere leiinga ved kulturhuset.

– Nei, dei har i fleire år prøvd å få gjere noko med huset, men kommunen har diverre ikkje hatt økonomi, seier han.

Grimstad peikar også på private aktørar som burde ha lagt forholda betre til rette.

– Eg tenkjer på Hotell Ivar Aasen. For oss i Bratt & Blått har det vorte vanskeleg å få til noko der siste åra. Det verkar som om hotellet ikkje har interesse av å halde kulturarrangement i samarbeid med lokale aktørar og arrangørar. Det synest eg er leitt, for eg er overtydd om at samarbeidet mellom lokale eldsjeler og private eigarar av arenaer vil gje meirverdiar, seier Grimstad.

Han er viss på at det vert knoppskyting med nye eldsjeler i åra framover, berre arenaane er der.

– Det er ikkje slik at vi skal vente på at det offentlege skal leggje til rette. Initiativa vil kome, og dugnadsånda ho lever. Berre sjå på dugnaden for Ørsta sentrum i sommar. Det handlar om å vere positiv og anerkjenne dei initiativa som vert tekne, insisterer Grimstad.