Motsegna går på at det ikkje er føresegner knytt til ei omsynssone for skred, stormflo/havnivåstigning og oppskyljingsområde for flodbølgje.

Når fylkesmannen kjem med ei slik motsegn, tyder det at planen ikkje kan eigengodkjennast av kommunen slik han ligg føre, og at forslagsstillaren anten må kome merknadene i møte, eller forhandle med fylkesmannen om ei løysing.

Detaljreguleringsplanen til Marine Harvest ligg ute til offentleg ettersyn. Reguleringsframlegget legg til rette for utviding av selskapet sitt setjefiskanlegg på land på Ytre-Standal med ein ny produksjonshall. I tillegg gjeld planen også areal nord for elva for å leggje til rette for fritids- og turistføremål.

Fylkesmannen har ikkje merknader til planen når det gjeld natur- og miljøvern og landbruk, men kjem altså med motsegn på den delen som handlar om samfunnstryggleik.

Konkret påpeikar fylkesmannen at planen manglar kart for omsynssone for arealet som er truga av sørpeskred, stormflod og flodbølgje.