– Her i Liadal har vi det meste. Ein kan gå på toppturar som til Liadalsnipa. Eller ein ta seg ein båttur til Raudøya, og vandre og drive med aktivitetar der, seier Karl Henning Halse.

Han har teke Møre-Nytt med på ein tur til idylliske Raudøya, den einaste øya i Ørsta kommune.

Dei siste åra har det skjedd mykje på øya, ikkje minst takka vere Ørsta ungdomsskule. Liadal-klassa har stelt og laga det til, og Raudøya har vorte ei friluftsområde av klasse.

Deler av øya er også naturreservat grunna ein av dei nordlegaste førekomstane av kristtorn.

Karl Henning Halse likar å ta robåten til Raudøya, eller han kan finne på å padle.

På fastlandet har han Liadalsnipa som favorittmål, men åtvarar:

– Det er ikkje for kven som helst å gå der. Ein må vere fjellvand, seier han. Å gå til Liadalssetra kan vere eit like så fint turmål på landsida.

SJÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

SJÅ EPISODE 2: Her har dei funne paradiset

SJÅ EPISODE 3: Friluftsliv utanfor stovedøra

SJÅ EPISODE 4: Ein syklande ordførar

SJÅ EPISODE 5: Tek friluftslivet på sjøen

SJÅ EPISODE 6: - Fjellet gjev meg mykje