– Risanakken passar for ale. Det er ein tur folk går etter arbeid, eller på dagtid slik som no på denne tida av året, seier Jon Helge Bjørndal, leiar i Vartdal TIL.

Han og Bjarte Flåskjer, ein av trenarane til A-laget på Vartdal, vart med Møre-Nytt til Risanakken. Det er eit turmål litt oppe i lia ved Vartdal sentrum.

– Dette er ein av postane til fjelltrimmen på Vartdal, fortel Bjørndal.

Bjarte Flåskjer spelte fotball til han var 36 år. Då han la opp, måtte han finne seg ein annan aktivitet for å halde seg i form. Det vart turar i fjellet.

– Eg er av dei som oppdaga fjella seint. Fjell triggar meg. Eg får kondisjon, og det gjev meg mykje å gå ut i naturen.

Han definerer fjellgåing som nærfriluftsliv.

– Eg fartar mykje rundt i kommunen, og vert aldri ferdig. Eg har alltid nokre nye mål, og no er det t.d. Jakta og Bladet. Så sant ver og føre er ok, prøver eg å ta meg ein tur i helgane, seier Flåskjer.

SJÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

SJÅ EPISODE 2: Her har dei funne paradiset

SJÅ EPISODE 3: Friluftsliv utanfor stovedøra

SJÅ EPISODE 4: Ein syklande ordførar