gså i Ørsta har det vore ein sterk auke: 5 saker i fjor, mot 17 saker på same tid i år.

Vald, skadeverk, tjuveri, narkotikalovbrot, mobbing og familietvistar er sakstypane som er representerte i dei to kommunane.

Auke på 76 prosent

Dei totale Halvårstala for Konfliktrådet på Sunnmøre viser ein auke i sakstalet på 76 prosent. Til no i år har rådet motteke 139 saker. Av desse er 96 straffesaker og 43 sivile saker.

– Det er flest valdssaker som blir tilvist til konfliktrådet på Sunnmøre, men det er andre sakstypar som har hatt størst auke i sakstalet sidan i fjor, skriv Konfliktrådet i ei pressemelding.

– Det er stor auke i saker med narkotikalovbrot og vinningskriminalitet: I begge sakstypane er det tilvist 15 saker hittil i år, mot éi sak på same tid i fjor. Det er òg stor auke i saker med truslar, frå to saker ved første halvår i 2014 til 15 saker hittil i år. Skadeverk, økonomiske konfliktar, nærmiljøkonfliktar, familietvistar og krenkingar er andre sakstypar som er representert på statistikken, skriv dei vidare.

Meir ansvar

Frå 1. juli i fjor har konfliktråda hatt ansvaret for straffegjennomføring av ungdom under 18 år som har gjort seg skuldig i alvorleg kriminalitet eller brote lova fleire gonger. På Sunnmøre har 9 ungdommar fått reaksjonen ungdomsoppfølging sidan oppstarten av ordninga.

Auken i talet på narkotikalovbrot og vinningskriminalitet blir sett i samanheng med at konfliktrådet har fått ansvar for straffegjennomføring av ungdom.

158 påklaga har fått si sak til Konfliktrådet på Sunnmøre hittil i år. Talet på personar fordeler seg på 47 kvinner og 111 menn. 39 prosent av desse er i alderen frå 15 år til 18 år.

Nesten 4.000 saker

På landsplan er det òg ein auke i talet på saker. 3876 saker hittil i år utgjer 421 fleire saker enn på same tid i fjor, ein auke på vel 12 %.

Talet på valdssaker har auka frå 764 saker til 939 saker, medan talet på narkotikasaker har auka frå 32 saker i fjor til 124 saker så langt i 2015.