– Vi sender no eit sterkt signal til vaksenpolitikarane ved å slå oss saman til eitt lokallag. Unge Høgre meiner at eit samla Søre Sunnmøre vil føre til styrka lokaldemokrati, og at fleire får auka påverknad over eigen kvardag og eige lokalmiljø. Vi vil få meir kompetanse, og difor vil velferdstenestene bli sikra for alle gjennom betre skular, pleie- og omsorgstenester og trygge barnehagar, skriv det nystifta Søre Sunnmøre Unge Høgre i ei pressemelding.

I førre veke møttest medlemmer frå Ørsta, Volda, Ulstein, Herøy og Sande i Herøy rådhus for å gå i bresjen for å samle lokallag og gå i bresjen for ei eller fleire samanslåtte kommunar på Søre Sunnmøre.

Fleire av ungdomspolitikarane har står på liste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten.

– Tre av dei som er i styret i Søre Sunnmøre Unge Høgre står på liste til val denne hausten. I tillegg er mange andre kandidatar unge, og dei vil sikre ei god framtid for Høgre-laga. Om vi kjem med i kommunestyra vil vi alle arbeide for ei betre kommune, heiter det i pressemeldinga.