Måndag ettermiddag rundt klokka 16.45 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på fv. 653 (Eiksundsambandet), mellom Morkaåstunnelen og Helgehorntunnelen.

Begge tunnelane vart stengde etter ulykka. Dei er no opna att, og trafikken flyt forbi på staden.

To bilar var involvert i front mot front-kollisjonen.

Naudetatane var raskt på staden. Politiet melder om at ei kvinne sat fastklemd etter ulykka. Ho er no frigjort, og frakta til sjukehus. Tilstanden hennar er førebels ukjend

Den første meldinga, om at ulykka hadde skjedd på E39, var ikkje rett.

Alle naudetatane rykka ut til ulykka.