Marina Solutions AS i Ørsta merkar førebels lite til nedgangstidene i maritim industri. Ordrebøkene er fulle.

– Vår- og sommarsesongen 2015 har vore ei hektisk tid for Marina Solutions AS, fortel salsansvarleg Tommy Giil.

Ei av de største kontraktane for Marina Solutions AS vart overlevert i juni. To nye hurtigbåtkaier har vorte levert til høvesvis Hysnes i Rissa kommune og Lensvik i Agdenes kommune.

– Marina Solutions viser atter ei gang musklar som totalleverandør i større marinaprosjekt. Hurtigbåtkaiene er produsert e og levert av vår samarbeidspartnar, Ulstein Betong Marine AS. Alt av elektrisk arbeid er utført av Tussa Installasjon AS i Ørsta. I samarbeid med oppdragsgivaren vart produkta utvikla og tilpassa behova til kunden, fortel Giil.

Han fortel at høg kvalitet og gode løysingar på produktet var argumenta som gjorde at oppdragsgjevaren valde den Ørsta-baserte leverandøren.

Flytande kaier

– Dei nye L-forma hurtigbåtkaiene som er leverte til Hysnes og Lensvik, har blant anna fleksible baugtillegg. Desse absorberer kreftene som konstruksjonen vert utsett for når båtane legg til kai. Denne løysinga, saman med god fendring, gjer møtet mellom båten og kaia optimal. Hurtigbåtkaia er tilpassa med eit nivå som gjer at også mindre båtar kan legge til for ilandstiging, fortel Giil.

Kvar hurtigbåtkai har ei totalvekt på nærmare 1.000 tonn som gjev ei stabil og trygg kai for passasjerane. Begge anlegga er forankra av Marina Solutions AS, som har stor kranbåt og utstyr til å kunne forankre slike store og tunge konstruksjonar. Anlegget er levert med gode tryggingssystem, god belysning og kraftige fortøyningspullertar. Universal utforming og tilpassing for rørslehemma og ledeliner for blinde og svaksynte er sjølvsagt installert på anlegget.

Marina Solutions vart etablert i Ørsta i 2010. Verksemda satsar på å utvikle, selje og montere flytebryggjer og flytande kaier. Selskapet har samarbeidspartnarar som produserer sjølve anlegga.

– Vi er no femten tilsette, og har hovudkontor i Ørsta og kontor langs heile kysten. Per dato har vi ein god ordresituasjon, og vi må leige inn ekstra folk. Året så langt ser veldig bra ut, seier Giil.