Ørsta/Volda er definert som ein småby i fylkeskommunen sin delplan for byar og tettstader, medan Ulstein og Herøy er definert som bygdesenter.

Byane og tettstadane i Møre og Romsdal er delte inn i mellomstore byar, småbyar, bygdesenter og periferiar i definisjonen som fylkeskommunen. Rangeringa er utvikla av Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR).

Ålesund/Sula og Molde er mellomstore byar, medan Kristiansund og Ørsta/Volda er småbyar, medan til dømes Herøy, Ulstein, Sykkylven og Haram er bygdesenter.

Tettstadane er rangerte ut ifrå innbyggjartal, tenestetilbodet i kommunen og talet på offentlege institusjonar.

– Ørsta/Volda har eitt høgt tenestenivå og fleire tunge offentlege institusjonar, skriv fylkeskommunen.

– Søre har alt som skal til

Likevel er fylkeskommunen klar på at Ørsta, Volda, Ulsteinvik og Fosnavåg dekkjer regionsenterfunksjonane på Søre Sunnmøre saman.

– Søre Sunnmøre er ein region i vekst, prega av fleire dynamiske næringsmiljø, og er heilt i landstoppen når det gjeld innovasjon. Regionen manglar eit eintydig regionsenter, men har fire livskraftige bygdebyar i Ørsta, Volda, Ulsteinvik og Fosnavåg. Gjennom eit kompletterande samarbeid mellom desse – og i nokre samanhengar med Ålesund – har området alt som skal til for å utgjere ein berekraftig og robust bu-, arbeids- og sørvisregion, heiter det.

50.000 nye kvadratmeter

Det er også gjort ein handelsanalyse i samband med delplanen. Den konkluderer med at Ørsta og Ulstein har positiv handelsbalanse, medan Volda nesten er i balanse. Ørsta og UIsteinvik er også dei største handelsstadane på Søre.

Fylkeskommunen trur det er potensial for 50.000 nye kvadratmeter i Ulstein/Herøy/Ørsta/Volda fram mot år 2030.

Dette er fordelt på 23.000 kvm. daglegvarer, 16.000 kvm. utsalsvarer, og 11.000 kvm. plasskrevjande varer.   Det er berre Ålesund som har større potensial i Møre og Romsdal.

Bør verne sentrum

Fylket har også gjort ei vurdering av ei vidare utbygging av handelsområda i Furene og Hovdebygda. Fylkeskommunen viser til handelsanalysen Ørsta og Volda fekk gjennomført i 2013, og støttar seg til konklusjonen om at ein vidare vekst i utvalsvarehandelen bør konsentrerast til Ørsta sentrum og Volda sentrum.

– Møblar og kvitevarer bør – for ikkje å trekke handel ut av sentrum – lokaliserast til utkanten av sentrum. Bilbasert handel med eit regionalt marknadsområde, som byggevarar, hagesenter og andre plasskrevjande varer, kan derimot lokaliserast til Furene ogHovdebygda.