Det er levert inn heile tjue forslag om det framtidige Ørsta i den europeiske arkitektkonkurransen Europan.

I juni 2014 vart det klart at Ørsta kommune er valt ut som ein av fem norske kommunar til den internasjonale arkitektkonkurransen Europan 13. Heile 50 byar og tettstadar  frå europeiske land er involverte i lag med om lag 2000 arkitektteam. Ørsta deltek med prosjekt i Ørsta sentrum. Møre og Romsdal fylkeskommune er partner.

Då fristen gjekk ut, var det klart at heile tjue forskjellige arkitektteam har levert forslag for Ørsta sentrum, melder Ørsta kommune.

2. mars 2015 vart Europan 13 lansert på nett, og det var fritt fram for unge arkitektar og planleggarar å melde seg på konkurransen.

Dei innleverte forslaga vert offentleggjort og lagt ut på nett av Europan-sekreteriatet i starten av august. I september vert det utstilling av dei innleverte forslaga i Vikegata.

Jury

I slutten av september kjem den internasjonale fagjuryen kjem til Ørsta for første runde i juryeringa. Her skal juryen velje ut 15-20% av framlegga som skal vere med vidare.

I månadsskiftet oktober/november vert den andre og siste juryeringsrunden i Bratislava i Slovakia. Vinnaren av konkurransen vert kunngjort den 3. desember.

– Gjennom Europan-konkurransen vert dei beste ideane kåra. Vidare skal konkurransebidraga bearbeidast vidare til konkrete planar og tiltak, i første runde gjennom ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. Konkurransen kan medføre både kortsiktige og langsiktige tiltak, heiter det frå kommunen.

Parallelt med konkurransen arbeider kommunen med å gjennomføre tiltak som kan gjennomførast på kort sikt, men også mellombelse tiltak. Mellom desse er Skisseprosjekt Svendsengarden som omhandlar etablering av ny busslomme på tomta for Røedhuset. Statens vegvesen er samarbeidspart her, i lag med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mellombelse parkeringsplassar i sentrum er eit anna tiltak det vert arbeidd med. To konkrete areal, den såkalla Linatomta og Øyehaugtomta (mellom Webjørn Svendsengate og Amfi) er aktuelle for dette. Private aktørar er samarbeidsparter her.

Viderautvikling av Vikeparken er eit tredje prosjekt som er i startfasen.