– Etter at konsekvensane av ei kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda har kome fram, er og overtydd om at det vil kome ei nei-bølgje over Ørsta.

Det seier Ørsta Senterparti sin ordførarkandidat, Stein Aam.

Han registrerer at innbyggjargranskinga seier at 48 prosent av innbyggjarane i Ørsta seier ja til kommunesamanslåing, og 41 prosent seier nei. Granskinga til Sentio syner at elleve prosent er i veit ikkje-gruppa.

– Det er ikkje noko klart fleirtal. Derimot er det eit klart fleirtal som seier ja til samanslåing med Volda, dersom det er det som vert alternativet, seier Aam.

Og han er altså langt ifrå overtydd om at det vert noko godt alternativ.

Konsekvensutgreiing

– Ørsta Senterparti krev i programmet at det skal vere ei grundig konsekvensutgreiing på plass før saka om kommunesamanslåing vert lagt ut til folkerøysting. Eg er difor glad for at både rådmannen og ordføraren i Ørsta no seier at dei må i gang med dei vanskelege spørsmåla, seier Aam.

Han siktar då til at kommunestyret har vedteke at det skal verte inngåande drøftingar med Volda kommune ut på hausten, og der konsekvensane av ei samanslåing for fleire område skal verte kartlagde.

– Dei vanskelege spørsmåla er mellom anna namnet, infrastrukturen i veg, vatn og kloakk, lånegjelda og Tussa-eigarskapen, seier Aam.

Han peikar m.a. på vatnet.

– Ørsta gjorde for fleire tiår sidan ei gigantinvestering i reint vatn. Volda ville ikkje vere med. Korleis skal denne kostnadsfordelinga vere? undrar Aam.

Han fortel at han dei siste dagane har vorte kontakta av fleire som er skeptiske til ei ytterlegare sentralisering i Noreg.

Sentralisering

– Med statsminister Erna Solberg og kommunalminister Jan Tore Sanner i spissen vert det køyrt eit hardt sentraliseringsløp. Vi treng ikkje gå lenger enn til Danmark for å sjå at konsekvensane ikkje er gode. Der gjekk talet på kommunar ned frå 270 til 90 kommunar. Resultatet er 3.500 fleire byråkratar, seier Aam.

Då trur han at mykje av det same vil skje i Noreg.

– Skal vi slå saman to fungerande kommunar som Ørsta med 10.500 innbyggjarar i Ørsta og 9.000 i Volda vil det medføre også sentralisering lokalt. Eg har diverre sjølv vore med på å leggje ned skular, og resultatet har vorte eit enorm press på sentrumsskulane. Eg er ikkje sikker på at det har vorte billegare for kommunen heller, seier Aam.

Ordførarkandidaten viser til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) som i ein rapport viser til at innbyggjarane i små kommunar under 5.000 innbyggjarar er mest nøgde med dei kommunale teneste.

– Og så kan eg vise til forsking gjort på kvaliteten i skulen, der desentraliserte Sogn og Fjordane kjem best ut, og der ein elev i sjuande klasse sjølv konkluderer med at «det er fordi vi har fleire lærarar med betre tid til kvar elev».

Aam gler seg til konsekvensane av ei samanslåing kjem framfor dagen.

– I Senterpartiet seier vi at vi skal respektere ei folkerøysting uansett utfall, men eg er overtydd det vil verte eit nei når konsekvensane er klare, seier Aam.

Han trur mellom anna på ungdommen.

– Granskinga frå Sentio syner at desse er mindre engasjerte i kommunesamanslåingssaka enn andre. Det kan tyde på at dei byrjar å reagere på sentraliseringa, seier Aam.

Eg er overtydd om at det vil verte eit nei når konsekvensane er klare