Dei blå tonane frå dei to scenene på Christian Gaard på Trandal skapte stemning på Trandal fredag kveld.

Øivind Elg Elgenes og bandet hans drog det heile i gang, og stemninga var sett frå starten. Då latviske Latvian Blues Band kom på scena med sin soulinspirerte musikk, steig stemninga endå meir. Og Pristine frå Tromsø tok det heile til nye høgder med rå og heftig blues.

Det er ikkje rart då at arrangørane i Bratt & Blått var storleg nøgde med kva dei kunne presentere for publikum denne kvelden.