– Dei held på å fullføre klargjering frå vår side. I tillegg skal dei nye eigarane gjere nokre justeringar når han kjem fram. Han skal mellom anna målast om i deira fargar, seier Atle Vartdal, deleigar og prosjektleiar i Ramoen AS, til Møre-Nytt.

Den som fiskar

Den siste tida har fabrikktrålaren «Ramoen» stått på slipp ved Båtbygg AS på Raudeberg i Nordfjord. Båten vart selt då reiarlaget investerte i ein ny og hypermoderne trålar, som skal leverast neste sommar.

– Gamlebåten er kjøpt av reiarlaget Irvin & Johnson, og får heimehamn i Cape Town i Sør-Afrika. Der skal han fiske på ein art som heiter hake, som liknar mykje på torsk, forklarer Vartdal.

Sør-Afrikanarane var ifølgje Vartdal positivt overraska over tilstanden til båten.

– Folka deira har vore om bord og sett på han no. Dei seier at dei forventa at meir måtte gjerast på han.

Trålaren har sjølvsagt fått nytt namn, og heiter frå no av «Umlobi».

– Det betyr «den som fiskar» på eit afrikansk stammespråk.

Snart forlét «Umlobi» Noreg, og siglar mot sin nye heim ved Sør-Atlanteren. Framleis i Ramoen-fargar, men ikkje lenger som M-2-VD.

Får fiska kvoten

Nye «Ramoen» skal etter planen leverast 1. juli neste år. Det betyr at reiarlaget blir eit år utan båt. Det får vonleg ikkje store økonomiske konsekvensar.

– Nei, no har vi fått fiska årets kvote i første halvår i år, og så håper vi å få fiska 2016-kvoten i andre halvår neste år. Det einaste er at mannskapet får mindre å gjere i denne perioden, men dei har vore mykje ute no i første halvår, seier Vartdal.

Den nye «Ramoen» er designa hos Rolls-Royce, og er under bygging ved eit verft i Spania.

– Samarbeidet med dei går bra, og prosjektet er i rute, seier Vartdal.

Den nye båten blir ein av få attverande fabrikktrålarar i Noreg, og ein hypermoderne konstruksjon. Han får framleis heimehamn i Vartdal. Reiarlaget er i dag eigd 65 proseent i Herøy og 35 prosent på Vartdal.