Etter fire års drift var det tidlegare denne månaden klart at Bjørke Marina hadde meldt oppbod. No vert det arbeidd med vidare drift gjennom eit nytt selskap.

– Bjørke Marina har vore eit AS, og no prøver vi å stable på beina eit nytt selskap for vidare drift. Vi ber båteigarar og dei som har kjøpt seg båtplass om å ta det med ro og vere tolmodige, seier Bjørn Atle Søvik som er grunneigar.

Søvik har ikkje vore involvert i Bjørke Marina, men han eig grunnen der Bjørke Marina held til. Tidlegast kan ei løysing vere på plass i haust.

– Med konkurs så er det karantenar og det vert truleg ikkje noko løysing før tidleg i haust. Vi er i kontakt og er ein del folk som forsøker å få til vidare drift. Om anlegget må fjernast vil det koste ein del å få det vekk. Det er snakk om store kostnader. I tillegg vil det vere eit negativt trekk for bygda Bjørke, seier Søvik.