Då Terje Kragset frå Hakkalestranda kjøpte båten på tvangssal, var det ein "flytande motebutikk" med underhaldning som var planen for båten. Dette høyrest kanskje litt merkverdig ut, men i over 15 år har Terje Kragset saman med kona si, som no bur i Stavanger, drifta fleire motebutikkar. Han såg på det som eit nytt og spennande konsept å kunne lage til klesbutikk om bord i båten, og reise til små bygder som ikkje har stort utval av butikkar eller underhaldning.

- Men så fann eg også ut at å arrangere fjordcruise ville vere perfekt, då båten har eit stort dekksareal og har plass til mange passasjerar. Vi fekk godkjent passasjersertifikat i går, så vi er dermed litt i siste liten med å annonsere det slik vi ville, men håper mange no vil delta, fortel han.

Fjordcruise på Sunnmøre

Hurtigbåten "MS Fjord-Kongen" la til kai i Volda på torsdag, og vil vere der heilt til søndag. Båten er open for alle som vil, der ein kan ta ein titt i den store klesbutikken inne i båten, eller kjøpe seg noko å drikke og sitje på dekk og nyte sola. Dei har dessutan fått skjenkeløyve, og vil selje øl og vin.

I kveld og i morgon klokka seks er det arrangert fjordcruise og rekekveld i båten, der planen er å segle til Austefjorden. Trubadur, Ole Jørgen Lundal vil gjennom kvelden lage god stemning på båten. Til dette må ein melde seg på ved å ringe til Terje Kragset, eller ta turen til båten som ligg til kai ved Vikeneskaia i Volda. Ein finn også informasjon på Facebooksida til MS Fjord-Kongen. Til dette er 99 passasjerar den maksimale mengda.

Når båten kjem til land igjen kan dei som vil ta turen, då dei vil forsette servering av drikke, og trubaduren vil fortsette underhaldninga til kvelden senkar seg. På dekk har dei stort areal med mange bord.

- Og vi har laga til eine salongen inne til ein koseleg plass for mingling. Her har vi barbord og stolar og sofaer. Folk kan setje seg der dei vil, ut i frå vêret, seier Kragset.

24 juli er den offensielle opningsdagen til båten, og vil bli arrangert i Hakkalestranda. Denne dagen vil dei lage til ei skikkeleg scene på båten, der dansebandet Contrazt vil spele opp til dans. Etter denne dagen vil dei setje opp ein seglingsplan over fjordcruise på Sunnmøre framover i tid.