Utrykningspolitiet, UP, hadde torsdag dagskontroll i Ørsta ved Morkabrua. 17 bilførarar fekk forenkla førelegg, og den høgaste målte farta var 73 km/t i 50-sona.

- I tillegg til fart kombinerer vi kontrollen med åtferd, bilbelte og mobilbruk. Ein bilførar vart stoppa med piggdekk, tre har fått førelegg for mobilbruk og eit førelegg er skrive ut for manglande bruk av bilbelte. Dette er ein dagskontroll som vi brukar nokre timar på, seier Jarle Opsal til Møre-Nytt.

Torsdag var årets varmaste dag på Sunnmøre og ferietrafikken er i gang.

- Vi merkar at ferietrafikken er i gang, og det er rolegare enn kva normalt opplev.