- Tretti grader her i Hovdebygda, jublar Ann-Helen Sørhaug.

I 13.30-tida sjekka ho temnperaturmålaren ved inngangsdøra, og då bikka han akkurat tretti grader.

No lurer Ann-Helen på om det er målt tilsvarande temperaturar andre stader i området.

- Og gradestokken står i skuggen, forsikrar Ann-Helen.

Varmen skal vedvare utover torsdag ettermiddag og kveld, før temperaturen igjen vil falle noko. Men likevel er det meldt brukbart ver i helga, før temperaturane igjen går eit stykkje under tjue grader komande veke. Her gjeld det å nyte medan ein kan.

Har du bilete frå sommarvarmen, send til redaksjon@morenytt.no, eller del på Instagram #mørenytt