Tankane gjekk fyrst til noko som vanlegvis høyrer til i fjorden, som til dømes ei nise.

Men det viste seg å vere ein hjort.

– Vi var ute for å setje ut laksenota då vi vart merksame på dyret. Vi såg at det var ein hjort, og då han såg oss, snudde han, fortel Flatnes.

Hjorten sumde mellom austsida og vestsida av fjorden, mellom Maradalen og Miendalen, som ligg mellom Sæbø og Store-Standal.

Det er ikkje uvanleg at hjort kryssar fjordane våre. Det er årleg vandringar mellom øyane og fastlandet. Men det er kanskje meir uvanleg for folk å vere vitne til hendinga.