Det har Søre Sunnmøre tingrett slått fast i eit frivillig skjøn.

Ørsta kommune har festa tomta sidan 1961, og i fjor fremja Ørsta kommune krav om avtaleskjøn i tråd med festekontrakten.

Før skjønet var partane samde om at eigedomsprisen skulle fastsetjast etter salsverdien, og at ein skulle sjå vekk frå at eigedommen er regulert til offentleg føremål. Kommunen meinte likevel at sidan tomta er omgitt av offentlege eigedommar måtte det ha noko å seie for prisfastsetjinga.

Attraktiv

Retten kjem fram til at tomta er svært attraktiv, og at ho har stort potensial.

– Retten legg etter sine eigne vurderingar av eigedommen til grunn at han, så vel kommunikasjonsmessig som arronderingsmessig er veleigna til utbyggingsføremål, heiter det i rettsboka.

Retten meiner at denne tomta saman med Mørebiltomta representerer noko av det siste som gjev mulegheit til ekspansjon midt i Ørsta sentrum.

– Som eit bakteppe for erstatningsutmålinga finn retten å ville påpeike at Ørsta kommune er ei av kommunane på Søre Sunnmøre med flest innbyggjarar. Kommunen har opplevd stor vekst i folketalet gjennom fleire år, og det er venta ytterlegare vekst, heiter det frå Søre Sunnmøre tingrett.

Retten har samanlikna med tomtesal i nærleiken, som Bakk-Ola-marka, Mørebil-tomta og dessutan sentrumsskjønet frå 2007.

Når det gjeld sentrumsskjønet vart prisen i 2007 fastsett til 900 kroner per kvm. Sidan då meiner retten det har vore ei viss prisstiging.

Grunneigarane, Hildegunn Krøvel-Velle, Per Rune Krøvel-Velle, Ivar Yngve Krøvel-Velle og Knut Rolf Krøvel-Velle viste under forhandlingane til priseksempel frå skjøn i Ulsteinvik sentrum. Retten kjem til at tomteprisen i Ulsteinvik er utanfor det området som det er naturleg å samanlikne seg med.

Retten kjem etter ei samla vurdering til at prisen kommunen skal betale er 1.050 kroner per kvm. Tomta er på 8.896 kvm, slik at erstatningssummen samla vert 9.340.800 kroner.

Skjønet i Søre Sunnmøre tingrett er samrøystes.

Partane har frist til 13. september til å krevje overskjøn i saka.