Det viser ei innbyggjargransking som er gjennomført av Sentio for kommunane Ørsta og Volda.

Granskinga syner at i Volda ynskjer 56 prosent av innbyggjarane at Volda vert slått saman med ei eller fleire av nabokommunane, medan 34 prosent seier nei. Ni prosent svara veit ikkje.

I Ørsta var det også eit klart ja, men likevel ikkje så klart som i Volda. 48 prosent svara ja til kommunesamanslåing, medan 41 prosent meiner Ørsta bør halde fram som no. 11 prosent svara veit ikkje.

600 spurde

Granskinga er gjennomført blant 600 innbyggjarar både i Ørsta og Volda, og vart gjennomført etter 18. juni.

– Eg er ikkje overraska over at det er fleire som ynskjer å stå åleine i Ørsta enn i Volda. Det har vore meir debatt i kommunestyret i Ørsta om denne saka enn i Volda, seier ordførar Rune Hovde.

Når folk så vert spurde om kva kommune dei vil slå seg saman med, er svaret eintydig. I Volda vil heile 88 prosent slå seg saman med Ørsta, medan 87 prosent i Ørsta vil slå seg saman med Volda. Blant innbyggjarane verkar ikkje andre kommunar eller regionar å vere noko alternativ.

– Men vi må ta dette for det det er, ei stemningsmåling, understrekar Volda-ordførar Arild Iversen.

Både han og Hovde er klare på at løpet ikkje er lagt hundre prosent for at det berre skal vere Ørsta og Volda som skal gå i forhandlingar. Men at Volda og Ørsta skal gå i forhandlingar om ein intensjonsavtale, det er eit faktum.

– No kan vi ikkje lenger berre greie ut oss fram til ting. No må vi møtest over bordet og sjå kvarandre i augo. Det er mange vanskelege saker som står føre å drøfte. Vi har dei kjenslebaserte som namn og kommunesenter, og vi har det som handlar om Tussa-aksjar, gjeld og andre verdiar, seier Hovde.

Intensjonsavtale

Det vert teke sikte på at ein intensjonsavtale mellom Volda og Ørsta skal liggje klar til vinteren/våren 2016, og i april/mai 2016 vert det folkerøysint.

– Med bakgrunn i at folk i Ørsta verkar å vere meir skeptiske enn i Volda – vil folkeavrøystinga i Volda kome før Ørsta for å få eit «voldasug»?

– Nei, det vert ikkje slik som i EU-avrøystinga i 1994. Eg reknar det som ganske sikkert at det vert folkeavrøysting på same dagen, seier Hovde.

Folkeavrøystinga vil vere rådgjevande.

Skal i forhandlingar: Til hausten startar forhandlingane mellom Ørsta og Volda kommunar, her representert ved Volda-ordførar Arild Iversen og Ørsta-ordførar Rune Hovde, om ei kommunesamanslåing.