(NPK-Benedikte Grov): I mai blei det kjent at Samferdselsdepartementet frå 1. april neste år ikkje lenger vil gi statleg tilskot til Oslo-rutene frå Ørsta/Volda Lufthamn Hovden, noko som vekte uro både blant politikarar og næringsliv i området.

Tysdag møtte Ørsta-ordførar Rune Hovde (H), ordførar i Volda Arild Iversen (KrF) og dagleg leiar i Maritim Foreining for søre Sunnmøre Terje R. Høybakk statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdselsdepartementet.

– Det var sagt nokså tydeleg på førehand at denne anbodsrunden er i gang. Å tru at dei skulle snu såg vi at vi ikkje fekk til. Men vi ønskte å seie frå om at vi er opptekne av det som skjer med næringslivet og rammevilkåra i ei vanskeleg tid, seier Ørsta-ordføraren etter møtet.

– Vanskeleg tid

Ordførarane møtte på vegner av ti ordførarar på Sunnmøre og i Nordfjord, og fylkesordføraren i Møre og Romsdal, som i eit skriv til departementet tidlegare har uttrykt sterk bekymring for følgjene av ei kommersialisering, og kravd at departementet vurderer saka på nytt. Private og offentlege verksemder i området har også sendt eit skriv til departementet. Volda-ordførar Arild Iversen viser til at kommunane, fylkeskommunen og næringslivet var eintydige i høyringsrunden.

– Det er tydeleg at Samferdselsdepartementet ønskjer ei større grad av kommersialisering og mindre grad av statleg støtte. Det kan vere gode verkemiddel viss der er marknader som fungerer. Slik vi oppfattar det, vil det ikkje fungere i dette tilfellet, seier Iversen.

Dei fryktar eit dårlegare tilbod med færre avgangar og dyrare billettar.

– Vi er bekymra både for vanlege kundar og ikkje minst for næringslivet i den tøffe tida vi er i, i ei omstilling som kan bli langvarig. Det er dårleg timing, seier Iversen.

– Umusikalsk

Hovde karakteriserer det som «umusikalsk» at kommersialiseringa blir bestemt i ei tid som er vanskeleg for næringslivet. Men opplever at bekymringane deira blei lytta til i møtet.

– Det er ikkje så ofte eg håpar vi tek feil. Men eg håpar nesten regjeringa og ministeren får rett når dei meiner at ein får eit like godt eller betre tilbod, seier Hovde.

Ordførarane vil på ingen måte sleppe spørsmålet om flyplasstilbodet.

– Vi har varsla at vi vil kome tilbake til departementet dersom vi ser at dette går i feil retning. Vi ligg der vi ligg og er avhengige av gode kommunikasjonar, påpeiker ordføraren i Ørsta.

Næringslivet kjem òg til å følgje saka, viser leiaren i Maritim Forening for søre Sunnmøre til.

– Viss tilbodet blir dyrare, kan det bli utfordrande. Hovden er veldig viktig for oss, seier Terje R. Høybakk. (©NPK)