Formannskapet i Volda avslår å gje pengar til Volda og Ørsta Ballettskule. Årsaka er at det ikkje er budsjettert å gje pengar til slike føremål.

Volda og Ørsta Ballettskule har søkt Volda kommune om 20.000 kroner i støtte. Volda kommune tolkar søknaden til å gjelde kulturmidlar. Då er problemet at Volda kommune for tida ikkje deler ut slike midlar.

Formannskapet skal vurdere slike midlar for 2016.

I Ørsta vart balletskule tildelt 20.000 kroner i kulturmidlar.

Sjå bilde frå vårshowa til ballettskulen her og her