– Det er eit kjempeflott tiltak dei har stelt i stand i år igjen. Det er kjekt for alle å ha ein slik samlingsplass. Her kan vi handle, drikke kaffi og prate, fortel Kjellfrid Ville, som denne laurdagen sit saman med «børsgjengen», som samlast i lag utanfor Nilsbuda nesten kvar laurdag.

Attraktivt

– Vi har funne vår måte å gjere ting på, og det går veldig bra. I utgangspunktet såg vi føre oss at det skulle fungere mest som ein turistbutikk, men vi vart veldig positivt overraska over at lokalbefolkninga handlar her så masse. Vi set pris på å få så mykje skryt for initiativet vårt, fortel Tonje Rem, ei av dei ni frivillige damene som held Nilsbuda på Sæbø open i sommar.

Planlegging

Dei frivillige i butikken byrjar å diskutere rundt februar kvart år om dei igjen skal slå til med sommarbutikk. Deretter byrjar dei å kontakte leverandørane dei er interesserte i.

– Og så bruker vi rundt to veker på å sette i stand butikken til opning, som var siste helga i mai. I juni hadde butikken opent kvar laurdag og søndag, men frå juli vert butikken open kvar dag. I august er den open berre i helgene igjen.

– Vi rullerer på å vere i butikken. Nokre dagar står vi heile dagen, andre dagar går vi skift. Alt ettersom kva vi har anledning til, seier Haldis Fiskå.

Utval

I år som i fjor har butikken om lag femti ulike lokale leverandørar, nokre er gjengangarar, medan andre har vorte bytta ut med nye.

– Varene vi sel her er heilt unike, då alt er handlaga. Vi har som mål at det skal sjå litt annleis ut frå kvart år, fortel Elisabeth Årseth Dimmen.

– Og det er for at butikken for kvart år skal ha den variasjonen og kvaliteten vi ønskjer, forklarar Ingvild Åmbakk.

Nilsbuda tilbyr også sal av nysteikte sveler og kaffi, noko dei med hensikt gjer sidan ingen andre på Sæbø sel sveler.

– Og då øydelegg ikkje vi for nokon andre her på Sæbø, forklarar Elisabeth Årseth Dimmen.