– Eg meiner Stortinget sitt vedtak om endringar i arbeidsmiljølova vil skape mindre tryggleik for svært mange arbeidstakarar, for familiane deira og for deira personlege økonomi. Dette ønskjer ikkje Ap for arbeidstakarane i Ørsta, og eg vil difor foreslå i kommunestyret at Ørsta kommune ikkje skal nytte høvet Høgre og Frp har gitt oss til meir mellombels tilsetting.

Det seier Jostein O. Mo, ordførarkandidat for Ørsta Ap.

– Over 200 arbeidstakarar i Ørsta gjekk i tog og streika mot endringane i arbeidsmiljølova. Jamvel om dei fekk trekk i lønn. Vi er glade for at Arbeidarpartiet vil foreslå dette i kommunestyret, seier Ingvild Aasen, leiar for Fagforbundet i Ørsta.

Jostein O. Mo lovar at dersom han blir ordførar vil han syte for tryggleik og stabilitet for arbeidstakarane.

– Eg vil syte for at Ørsta kommune som ein seriøs arbeidsgjevar framleis skal legge vekt på godt samarbeid mellom partane og etterleve dagens praksis der lovverket opnar for det. Mellom anna det som gjeld arbeidstid, turnus og helgearbeid, og at fast tilsetjing framleis skal vere hovudregelen i Ørsta.