Nye Øyra skule har byggjestart 10. august. Det vart stadfesta av entreprenøren Veidekke i Volda måndag.

Då vart avtalen om bygging av den nye sentrumsskulen formelt underskriven av ordførar Arild Iversen og områdesjef Rune Eikrem i Veidekke Entreprenør AS.

151 millionar kroner

Kontrakten med Veidekke er verdt 151 millionar kroner eksklusiv moms, medan heile prosjektet er kostnadsrekna til 205 millionar kroner eksklusiv moms.

Kontrakten med Veidekke omfattar bygging av ny skule, riving av den eksisterande skulebygningen frå 1977 og rehabilitering av paviljongbygningen.

Det nye skulebygget skal vere ferdig til mars 2017, og paviljongen skal vere ferdig til skulestart i august 2017.

Då skal den nye sentrumsskulen i Volda ha plass til 420 elevar. Det vil seie to parallellar for kvart klassesteg og i tillegg ei klasse for introduksjon av framandspråklege elevar. I tillegg skal det vere rom for m.a. SFO og kulturskule.

Krevjande prosjekt

Den nye skulen skal ha eit areal på 7.400 kvm, og tomta er på 22 daa.

Områdesjef Rune Eikrem understrekar at kontrakten er stor.

– Dette er eit stort prosjekt for Møre og Romsdal. Det er også krevjande, for vi skal byggje skule medan det er aktivitet i den eksisterande skulebygningen.

Difor vil vi bruke tid på samtalar både med tilsette og føresetta om byggjeperioden. Vi veit at slike anleggsområde kan vere forlokkande for nokre elevar. Målet vårt er at det ikkje skal verte nokon skadde eller sjuke som følgje av arbeidet vi skal i gang med, seier Eikrem.

Milepåle

Ordførar Iversen var glad for å signere kontrakten.

– Dette er ein milepåle for Volda kommune, seier Iversen.

Volda kommune har vore gjennom ein hestekur for å rydde plass til Øyra skule i økonomiplanen. Mellom anna er det innført eigedomsskatt.

– Det er innbyggjarane i Volda som betalar for skulen. Alle vedtak om skulen, og også eigedomsskatt, vart samrøystes, poengterer Iversen.