– Det var lagt opp til eit program med fleire pustepausar i år, og det gav som venta lågare gjestetal enn i fjor med om lag 5000 gjester totalt, skriv Dei nynorske festspela i ei pressemelding.

Hovudpersonen, festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, fortel om fire fantastiske dagar på Dei nynorske festspela i Ørsta.

– Eg var budd på at det kom til å vere ei spesiell oppleving å vere festspeldiktar på heimebane, men ikkje at det kom til å gjere så sterkt inntrykk som det gjorde. Det har vore interessante samtalar og store musikalske opplevingar, men mest kjem eg til å hugse det deltakande og entusiastiske publikummet, det har vore både rørande og inspirerande. Eg er glad og takksam og full av hurra etter Festspela.

200 utøvarar

Nærare 200 utøvarar leverte opplevingar som ifølgje arrangøren hausta både trampeklapp og ståande applaus. Også publikum var ei god blanding av tilreisande og lokale, om lag halvparten av kvar.

– Kvart år kjem det også tilreisande for å få vere ein del av festspellaget. –Vi har eit velfungerande maskineri av fast tilsette, tunassistentar, samarbeidspartnarar og ikkje minst frivillige som står på. Til saman har over 80 personar vore med å laga festspel, og det er vi svært stolte av, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Tillit og DDE

Temaet for årets festspel,  tillit, la til rette for å gi publikum meir litteratur og på andre arenaer, mellom anna ei gullrekkje av forfattarar i Uteamfiet fredag. Tillit var også utgangspunktet for festspelutstillar Astrid Runde Saxegaard, som  opna sansane til fleire av gjestene med ei eksperimentell og original tekstilutstilling. Festspela fekk også sin eigen song, laga av Lars Bremnes og Hilde Myklebust. Urframføringa til Kirsten Bråten Berg og Bremnes sjølv rørte publikum under opningshøgtida.

– Dei nynorske festspela skal femne svært vidt i ulike arrangement om språk og litteratur og konsertar med ulike musikalske uttrykk. DDE-konserten laurdag var det mest besøkte arrangementet i år. Publikum fekk oppleve Namsos-karane i storslag, på ein kveld der også fleire av tekstane til DDE-songane fekk fortent merksemd i eit møte med tekstforfattar Idar Lind.

– Konserten var kulturpolitisk viktig for oss i den breie programflata som Festspela skal ha, seier programansvarleg Åshild Widerøe.