Espen Remme er tilsett som ny direktør i Helse Møre og Romsdal.

Eit samrøystes styre tilsette måndag Espen Remme (43) som administrerande direktør i helseføretaket.

– Vi er veldig nøgd med å få Espen Remme som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier styreleiar Stein Kinserdal.

– I stillinga som strategi- og utviklingsdirektør i helseføretaket har han leia ein utviklingsprosess med komplekse og krevjande problemstillingar på ein god måte. Helseføretaket får i dag ein ny direktør, men det er likevel ein person mange av dei tilsette er godt kjend med frå før, seier Kinserdal.

Styreleiaren ser det som ein fordel at Remme kjenner organisasjonen godt internt, og har vore ein synleg representant i samspelet mellom helseføretaket og samfunnet elles.

– Eg gler meg til å leie Helse Møre og Romsdal i det viktige samfunnsoppdraget vi har med å gi spesialisthelsetenester til alle dei 260.000 innbyggarane i fylket vårt. Det er svært mange kunnskapsrike, pliktoppfyllande og engasjerte medarbeidarar som dagleg legg ned ein stor innsats for å sikre faglege og kvalitative gode tenester til pasientane, seier nytilsett direktør Espen Remme.

Viktige oppgåver for helseføretaket i tida framover er, ifølgje Remme, planlegging av nytt sjukehus og eit poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter i Nordmøre og Romsdal (SNR), og vidareutvikling av sjukehusa på Sunnmøre.

Remme legg vekt på kor viktig samarbeidet med kommunane vil vere for å komme vidare i tenesteutviklinga i grensesnittet mellom kommunane og helseføretaket.

Espen Remme startar i stillinga som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal den 1. september 2015. Remme er utdanna ergoterapeut frå Høgskolen i Oslo, med vidareutdanning i administrasjon og leiing og rettleiingspedagogikk frå Høgskolen i Ålesund, og ein MBA i strategisk leiing frå Handelshøyskolen i Bergen (NHH). Remme arbeidde i 13 år ved Muritunet – Senter for meistring og rehabilitering, dei siste 6 åra som administrerande direktør. Han var også ein kort periode innom Ski kommune og psykiatrien ved Gaustad sykehus i Oslo. Frå 2008 var Remme senior bedriftsrådgivar i Sintef MRB, før han starta i stillinga som strategi og utviklingsdirektør i HMR.