– Føremålet med øvinga var søk og redning av personar som truleg hadde forulykka i fjellet. Sidan Hjørundfjorden har mange fjell og turar der du både kan falle i bratte fjell, og også kan falle i sjøen, vart øvinga lagt opp slik at der var oppgåver både for gruppene som driv med søk og redning i fjellet, og dei som driv med vassredning, fortel leiar Arve Rødvik i Ørsta Røde Kors, hjelpekorps.

Første punkt i øvinga var å starte patruljesøk i fjellsidene, der mange av turboksane til trimgruppa vart undersøkte for å sjekke om dei sakna hadde vore i det området.

– Vi fann namna til dei sakna i ei av turkassene. Med den observasjonen som utgangspunkt, vart søket flytta til eit bratt jøl lenger inne i fjorden. Alt av mannskap og utstyr måtte transporterast sjøvegen, fortel Rødvik.

Hjelpekorpsfolk med røynsle i ferdsel i krevjande terreng og i bruk av tau starta søk i jølet. Det vart gjort funn av ein alvorleg skadd person (markør) høgt oppe i jølet. Det vart starta livreddande behandling, og personen vart sikra på båre. Den skadde vart så fira ned i jølet, og transportert til den ventande Røde Kors båten.

Samstundes starta vassredningsgruppa strandsøk og søk med vasskikkert. Det vart brukt både båtar og kajakkar til søket.

– Dei gjorde etter kvart funn av gjenstandar som kunne knytast til ein av dei sakna. Det vart difor mistenkt av vedkomande hadde falle i fjorden. Dette viste seg å stemme, og båten gjorde funn av ein person (markørdokke) under vatn. Denne vart så teken opp i båten av hjelpekorpsmannskap, fortel Røvik.

Då alle var samla nede ved fjorden, starta arbeidet med å transportere alt av mannskap og utstyr tilbake til Sæbø.

Ørsta Røde Kors, hjelpekorps, hadde også lagt sommaravslutninga si til Sæbø.

– Etter øvinga var det rett på Kapteinskvia og til ein ventande heilgrilla gris. Der koste vi oss til langt på natt, fortel Rødvik.

Ørsta Røde Kors, hjelpekorps rettar ei stor takk til grendelaget på Sæbø som lånte ut plassen, og til idrettslaget som låste opp klubbhuset slik at mannskapa fekk vaske og dusje seg før mat.