Kvar onsdag når det er lyse kveldar er Anders Steinnes med på regattaen til Ørsta seglforeining. Det er avkopling og rekreasjon.

– For meg er dette friluftsliv. Det er kanskje ikkje slik at ein vert sveitt og sliten, men du merkar det både psykisk og fysisk, seier Steinnes.

Møre-Nytt vart med Anders på onsdagsregatta, og denne dagen var bana mellom Rjåneset – Berkneset – Eiksund og Rjåneset. Regattaen er alltid i nærområdet på og ved Ørstafjorden. Det starta med ei god bør, men etter kvart dabba vinden av, og det vart til slutt heilt vindstille. Ingen kom over målstreken.

– Det er slikt som hender. Sjølvsagt vekkjer ein slik regatta konkurranseinstinktet i deg, men for meg er det å vinne eller tape ikkje det viktigaste. Det er å delta, fortel Anders.

Mannskapet sist onsdag var Knut Arne Nygård og Bjørn Helset. Saman har dei hatt fine opplevingar på sjøen, som då ein delfin følgde båten frå Ulstein til Berkneset for to år sidan.

– Sjøen er like mykje natur som skogen og fjellet, insisterer Helset.

SJÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

EPISODE 2: Her har TV2-Arill funne paradiset

EPISODE 3: Friluftsliv utanfor stovedøra

EPISODE 4: Ein syklande ordførar