Det vert satsa stort på Bondalseidet for å gjere anlegget til Ørsta Skisenter meir attraktivt.

– Det vert drive godt både i Volda, i Hornindal, i Stryn, på Fjellsetra og på Stranda, og vi må følgje med i konkurransen med andre skianlegg. For viss ikkje Ørsta Skisenter er flink til å vere attraktiv gjennom å utvikle oss og etablere nye tiltak, og heile tida skape dei beste forholda, får vi ikkje det besøket vi ønskjer. For det er slik at skifolket dreg dit dei finn dei beste tilboda.

Styreleiar Stein Aam i Ørsta Skisenter konstaterer at den siste sesongen på Bondalseidet vart ein bra sesong når det gjeld drift og økonomi. Ein god vinter med mange besøkande i skianlegget gav eit driftsresultat på mellom 150.000-200.000 kroner. Omsetninga var på 3,7 millionar. Resultatet er godt samanlikna med fjorårssesongen då ein elendig vinter med mangel på snø gav raude tal.

– Vi har orden i sysakene og god kontroll over økonomien som er sunn sjølv om vi har investert for kring tre millionar kroner siste to åra. Lånegjelda er no på 3,2 millionar, og den handterer vi i ei tid med låg rente, seier Aam som har vore styreleiar i tre år.

At Sparebanken Møre er inne som hovudsponsor er eit viktig bidrag for laget. Også andre sponsorbidrag og eit kommunalt tilskot dette året på 250.000 kroner er viktig for økonomien. Aam gjev honnør til politikarane for løyvinga som er det første kommunale bidraget på ti år.

Investert

Siste åra har skisenteret kjøpt trakkemaskin, og det er gjort større justeringar i snøproduksjonsanlegget, slik at det no vert produsert kunstsnø i heile hovudtraseen. Årsaka er at det vert henta vatn frå Storevatnet ved øvre heisstasjon.

Skisenteret har også utvida barnetrekkområdet og arealet, og gjev såleis eit betre tilbod for dei yngste.

– Framover ønskjer vi å gjere skiparken, som er svært populær mellom ungdomen, endå meir attraktiv gjennom nye tiltak og ei utviding av området, fortel Aam.

Skistadion

Gjennom sterkt samarbeid med langrennsgruppa i Ørsta IL og Hovdebygda IL, og med Syver Hovdenakk som pådrivar, er det også kome ny løypetrase frå skistadion og ut mot Åmskaret, med omlegging av løypa. Og arealet på skistadion har vorte dobla.

– Statnett og entreprenør Aurstad har gjort ein fantastisk jobb, det same må ein seie om langrennsgruppene i idrettslaga og grunneigarane i Hovdenakken som alle har vore med på dugnaden, rosar Stein Aam.

Ny gruppe

Rosina i pølsa er prosjektet den nye undergruppa i Ørsta Skisenter, Åmskarets vener, der ein finn Svein Silseth, Syver Hovdenakk, Guttorm Øy og Stein Aam, jobbar med. Dei har ein klar ambisjon om å utvikle ei heilårs turløype til Åmskaret for folk i alle aldrar, og sjølvsagt også for rørslehemma. Og på Åmskaret er det planlagt ein gapahuk.

– Råsa skal vere så god at ein skal kunne gå til Åmskaret med barnevogn, og ein skal kunne sykle dit. Første byggjesteg handlar om drenering av strekninga på kring 2,5 kilometer. Vi planlegg å få lagt ein avskjeringskanal mot Åmskaret med stikkrenner, slik at ein slepp alt vatnet i området. Grunneigarane er veldig positive til prosjektet, fortel Aam.

Igjen kjem Statnett og K.A. Aurstad på bana. Statnett spanderer midlar, medan Aurstad, som har gjort mykje dugnad i Ørsta/Volda siste åra, skal utføre sjølve arbeidet. Stein Aam trur den nye vegen til Åmskaret kan verte ein populær attraksjon.

Det kjem i tillegg er ny godbit for dei turglade: Det ligg føre planar om å reetablere den gamle løypetraseen som var i bruk for 15–20 år sidan, og som startar frå Høgstøylane og går ut til Åmskaret (i svingen ved turløypa).

Grunneigarane er positive også til dette.

– Det er mykje bra på skisenteret, og det skal skje mykje positivt framover. Eg er overtydd om at nye tiltak vil gjere skisenteret endå meir attraktivt. Får vi også ei betre løysing på vegføringa frå riksveg 655 og opp til nedste parkeringsplass, vil vi verkeleg vere komne langt, meiner styreleiar Stein Aam i Ørsta Skisenter.

Han rosar dugnadsgjengen som utgjer kring hundre personar.

– Dei stiller opp i all slags ver og gjev eit særs verdfullt og avgjerande bidrag til at ting fungerer godt på skisenteret, seier Aam.