– Tenk over kva de vil sjå tilbake på seinare i livet. No kan de bestemme dykk for kva slags fotavtrykk de vil setje frå dykk i samfunnet, sa kronprins Haakon då han møtte elevane ved Volda vidaregåande skule tysdag føremiddag.

Volda vidaregåande skule markerte Dignity Day under kronprinsbesøket. Kronprinsen er initiativtakar og pådrivar for verdigheitsprosjektet, som blir markert ved vidaregåande skular over heile verda.

– Verdigheit er ikkje berre viktig i dei store augneblinkane i livet, men også i kvardagen. Eg håper at etter i dagen, så har de verdigheit med dykk i bakhovudet, sa kronprinsen.

Kronprinsen deltok i to plenumsarrangement og i eitt klasserom i Volda, før han åt lunsj saman med elevane. Etter lunsj går turen vidare til Ulsteinvik, der han skal besøke Ulstein verft.

Kronprins Haakon var med i fleire klasseromsdiskusjonar om verdigheit.
Kronprins Haakon vart teken i mot av entusiastiske ungdommar. Foto: Marius Myklebust
Her vert kronprins Haakon teken i mot ved Volda vidaregåande skule. Foto: Marius Myklebust