– Tidlegare har det vore ein del tullekøyring både før og etter arrangementa, og det tek vi avstand frå. For å kunne gjennomføre Sunnmørstreffet må vi som arrangerer kursast fleire månader før for å halde på i ein dag, og det kostar også pengar. Bileigarar som tek del i tullekøyring vil verte ekskludert, seier formann Frode Haukeberg, løpsleiar Roy Martin rotevatn og Mikael Solhjem i juryen.

Både Ørsta kommune og politiet har gode erfaringar med Sunnmørstreffet og er positive.

– Vi vil vere til stades både før, under og etter treffet. Dette er ikkje ei frisone, og viss nokon prøver seg vil vi slå hardt ned, heiter det frå politiet.

– Sunnmørstreffet er positivt og skapar aktivitet i bygda. Vår erfaring er at det tidlegare har vorte arrangert smertefritt, ryddig og greitt, seier Ulf Rognstad i Ørsta kommune.

Både områdeeigar og naboar er positive til Sunnmørstreffet, og arrangøren minner om at arrangementet er rusfritt.

– Om nokon er synleg rusa eller har med seg alkohol vil dei verte vist vekk frå området. Dette er eit arrangement for heile familien, og det er mykje ungar til stades.