Formannskapet skal handsame saka om fusjonen mellom Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geiranger–Trollstigen tysdag.

Rådmannen ber formannskapet om å rå til at Ørsta kommune sluttar seg til at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre vert oppløyst og at nettoverdiar tilhøyrande selskapet vert nytta som kapitalinnskot i Destinasjon Geiranger-Trollstigen.

Vidare rår rådmannen til at Ørsta kommune teiknar medlemskap i det nye selskapet Visit Geirangerfjord & Ålesund.

Rådmannen viser til at det tidlegare har vorte arbeidd med ei samanslåing av marknadsføringsorganisasjonane for reiseliv på Sunnmøre og i Nordfjord.

Då sa Reisemål Nordfjord-Stryn at dei ikkje ynskte å vere med i ein felles organisasjon.

Etter at dette var klart er det arbeidd vidare med samanslåing av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) og Destinasjon Geirangerfjord–Trollstigen AS (DGT). Det vert planlagt eit ekstraordinært årsmøte i DÅS den 16. juni i Ålesund.

Det som ligg føre no er eit notat frå dei to destinasjonsselskapa om eit felles destinasjonsselskap. Det vert gjort framlegg om at namnet på nytt selskap vert Visit Geirangerfjord & Ålesund AS.

– Grunnen til framlegget om dette namnet er at det er av dei aller mest kjende reisemåla i landet. Målsetjinga er å drive aktiv marknadsføring for å gjere heile Sunnmøre attraktivt som reisemål. Det vert nemnt Runde, Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane, Alnes, Strandafjellet, Hellesylt, Valldal etc., kommenterer rådmannen.

Ho peikar på at det vert rekna med at ein større organisasjon vil gi brukarfordelar med m.a. meir effektiv utnytting av dei økonomiske ressursane, auka synlegheit som reisemål, meir tilgang til kompetanse, tettare samarbeid med dei lokale reiselivsforuma og næringslaga og større høve til å påverke Innovasjon Norge og Fjord Norge.

Forretningskontoret er tenkt plassert i Ålesund og med kontor i Valldal/Geiranger. Drift av turistinformasjonar er det lagt opp til skal finansierast av vertskapskommunane.

Kostnader for Ørsta er i dag knapt kr 290.000. Med den modellen det vert lagt opp til vil det auke til knapt kr 340.000.