Det handlar om feige lag: på eine sida finn ein tusenvis av små, ivrige, hardtarbeidande krigarar som tviheld på ei krigssone dei er meir enn komfortable med å erobre. På den andre sida står ei dame, hageglade Janne Lise Meland, ei snart femti år gammal heilstøypt Ørsta-taus som elskar å sysle og stelle i hagen, blant plantar og mold og alt som er fint og frodig.

Når snøen forlèt plenen og det byrjar å gro og spire, er Janne dagleg på plass i hagen sin. Der har ho sine beste stunder i eit friminutt frå alt det andre. I det grøne får ho energi og påfyll og balsam for sjela og alt som gjer at ho føler seg som eit betre menneske.

Men så var det denne krigen då.

Oppdagar

Vi går ti år tilbake: Ein sommardag oppdagar Janne Lise Meland at hagen hennar inneheld fleire sniglar enn det som har vore vanleg i den vel eitt mål store hagen i Bøvegen som ligg ved ei elv. Når Janne Lise møter plenen berrføtt, treff ho ikkje berre gras, ho kjenner at ho trakkar i sniglar – heile tida. Gartnaren plukkar sniglar i ei bøtte, men neste dag er dei tilbake. Ho plukkar meir, men dei kjem tilbake. Kvar dag kjem brunsniglane, eller mordarsniglane som dei også vert kalla. Og dei kjem for å lage trøbbel – og for å øydeleggje.

Ho kan godt smile av det, og det gjer raud-i-kinna-blide Janne Meland ofte. Men bak ligg det også alvor, og ein dose frustrasjon. For når sniglane dukkar opp på stovegolvet i leilegheita i kjellaren, ikkje berre det, men eit eksemplar av arten ligg nærast og hoverer i ei seng under ei dyne i den same kjellaren, som om det skulle vere det mest naturlege i verda, då er grensa nådd også for ei reflektert dame med lang lunte og eit optimistisk syn på livet.

Mykje tid

– Det verste med denne snigleinvasjonen er at eg brukar så mykje tid på å prøve å verte kvitt dei. Ja, eg brukar irriterande mykje tid på dette, og det går ut over andre langt kjekkare ting som eg heller vil styre med. Når eg har plukka ferdig ei runde rundt huset, må eg i gang med ei ny runde. Slik er det!

Janne Lise fører rekneskap over mengda sniglar som besøkjer henne. Ho har plukka over 800 sniglar i hagen på ein ettermiddag. Då Møre-Nytt møtte Janne pinseaftan, kunne ho oppsummere at ho hadde plukka 5.403 brunsniglar frå hagen til no denne sesongen. Verken meir eller mindre. Og då starta ho 14. mars.

Ordet rundbrennar får ny tyding når ein tek føre seg brunsniglane sitt kjønnsliv. Dei er tvekjønna og har enorm forplantningsevne.

– Eg har rekna ut at eit par millionar sniglar hadde spreidd seg ut over vollen her dersom eg ikkje hadde plukka og fjerna det eg har gjort. Ja, det er heilt sant, inga overdriving.

Kjerringråd

Det finst mange kjerringråd mot brunsniglar, og det finst ting ein kan få kjøpt på hagesenteret for å verte kvitt dei. Janne Lise har prøvd alt. Mellom anna kalk, bark, grovsalt og kaffigrut. Nokre av råda fungerer, men ikkje godt nok. Heller ikkje nematodemiddelet Nemaslug har klart å ta knekken på sniglane som også er kanibalar som skal kunne utrydde seg sjølve med rett bruk av nematodar-stoffet.

Brunsniglane kjem tilbake heile tida. Dama har også alliert seg med nabolaget, der dei fleste ville vere med på ein storaksjon med bruk av middel som skal halde sniglane vekke. Det kosta flesk, og det hjelpte, men diverre berre ei stund.

Janne sin ektefelle, Øystein Aasen, har funne sin eigen måte å hindre at sniglane et opp spesialhumlene han har ståande i hagen, snart klare for ølbrygging: i ei firkanta rame står to humleplantar med eit elektrisk «gjerde» rundt seg. Kjem ein snigle bort i straumen, er det game over..

– Alle må plukke

– Skal vi ha eit håp om å få bukt med brunsniglane, er det viktig at alle som er plaga med dette i hagane sine tek ansvar, og plukkar sniglar. Det er også viktig å stelle hagane slik at det i minst mogleg grad vert etablert stader der sniglane likar seg.

Sniglane gøymer seg der det er mørkt og fuktig. Open kompost, kvisthaugar, fuktig lauv, ugras og villnis bør ein unngå i hagar og på eigedomar, erfarer Janne Lise som har lest seg opp om mordarsniglane så det held.

Ho konstaterer at hagen hennar er meir utsett for brunsniglar enn nabohagane, utan at ho finn noko forklaring.

Oppegåande

Janne Lise registrerer at sniglane kan vere ganske så smarte. Ho har nemleg sett ut øl i skåler i hagen, for å lokke dei i fella. Tanken var at sniglane kom, drakk – og drukna i alkohol. Men sniglane var utspekulerte: dei kunne kome og drikke seg på ein liten snurr, men ikkje meir enn at dei hadde vit nok til å forlate festen, snu på kanten, og halde fram øydelegginga av blomster og planter og alt som ei dame med koparraudt hår og grøne fingrar elskar.

Så fann Janne Lise ut at ho ville by sniglane husets heimelaga kånnøl, som var betydeleg sterkare. Sniglane var ikkje tungbedde. Dei kom i hopetal og jubla over godsakene. Og då var det klaff: sniglane stupte som fluger i det søtlege tradisjonsølet.

– Men det er måte på kor mykje kånnøl ein skal spandere på ein stakkars brunsnigle, seier sniglekrigaren på Vinjevoll med glimt i augo.