Fredag filma TV2 ein promoteringsfilm i Gunnarråsa på Sæbø. Den ferdige filmen er på fem sekund, og skal gå før og etter reklameinnslag på TV-kanalen.

– Det var mykje folk for fem sekund. Eg går gjennom bildet og seier «god sommar» med Hustadneset og Slogen i bakgrunnen, seier TV2-programleiar og hjørundfjording Arill Riise. Han spelar «hovudrolla» i filmen.

Kristin Grimstad frå Volda er sjef for produksjonen.