Det­te for­tal­de Marcus Lunde og fleire av dei an­dre elev­ane frå Ørsta ung­doms­sku­le som var på mi­li­tær­leir i Åndalsnes før­re veke. Fem gut­ar frå 9. klas­se had­de nemleg den år­le­ge ar­beids­ve­ka si der!

Di­sip­lin i leir­en

Det var Møre og Fjordane Hei­me­verns­dist­rikt 11 som in­vi­ter­te dei til det­te, der også elevar frå ung­doms­sku­l­en i Bergmo, Spjelkavik og Åndalsnes tok del. Til saman var det i un­der­kant 30 elev­ar som full­før­te ar­beids­ve­ka si der.

Eit tett og krev­jan­de prog­ram var sett opp des­se fem dag­ane, der dei på skik­ke­leg vis fekk opp­le­ve korleis det er å vere i mi­li­tæ­ret. Dei bud­de i fi­re­manns­rom i brak­ker, og elev­ane frå ØUS måt­te dele rom med an­dre elev­ar dei ikkje kjen­de. Kvar mor­gon klok­ka ti på åtte måt­te dei stå kla­re til opp­stil­ling i uniform, og rom­ma deira måt­te vere strøkne og god­kjen­de av ser­sjant­en.

– Og var nokon for­sein­ka til opp­stil­ling måt­te alle som var tidsnok stå i plank­en som straff, medan straf­fa til dei som var for­sein­ka var å sjå på at alle an­dre fekk straff på grunn av dei, for­kla­rar Gard Rekkedal.

Også om nokon for­syn­te seg av des­sert etter å ha kas­ta rest­ar frå mid­dags­tal­ler­ken­en sin kun­ne dei ver­te straf­fa.

– Då kun­ne vi alle ende opp i plank­en igjen, sei­er Robin Olai Sætre Follestad.

Di­sip­lin var med an­dre ord det som set­te størst spor etter denne veka. All uønskt åt­ferd vart straf­fa; der ord­bruk, ryd­ding, vas­king i leiren, og å vere i tide og sjå pre­sen­ta­bel ut un­der øv­in­gar og anna prog­ram var påkrevd. Dei fekk hel­ler ikkje lov til å bru­ke mo­bil­en anna enn på fri­ti­da.

– Å ikkje få bru­ke den var ei­gent­leg heilt greitt for vi var så opp­tek­ne uansett. Eg var føre­budd på at dei skul­le vere enda litt stren­ga­re, sei­er Arthur Gulla.

Ut­ford­rin­gar gav meir­smak

Det mest ut­ford­ran­de dei var med på var mellom anna speed-marsj­en. Her måt­te dei gå fort i 50 mi­nutt med sekk på rygg­en som vog rundt 20 kg. Deretter fekk dei ber­re ti mi­nutt pau­se før nes­te etap­pe byr­ja.

– Ja, det­te var hardt! Mi­li­tær­støv­la­ne var tun­ge, og mange fekk gnag­sår. Andre kjen­de seg de­hyd­rert, for­tel kar­ane.

Ein annan mor­gon vart dei vek­te klok­ka halv fem og fekk ber­re ti mi­nutt på seg til å stå kla­re. I nær to ti­m­ar vart dei ut­ford­ra gjennom mellom anna å bere kan­ner med vatn eller ein per­son på båre for å kjen­ne på kropp­en korleis det vil­le ver­te å bere tun­gt lass eller ein ska­da per­son. Etter det­te had­de dei styr­ke­tre­ning før dei omsider fekk ser­vert fru­kost.

Dei var glad for at dei sjølve var sik­re på va­let med å rei­se til leir­en i ar­beids­ve­ka, for dei fekk inn­trykk av at somme frå an­dre sku­l­ar ikkje heilt had­de mo­ti­va­sjon­en med seg, noko som gjorde at dei ikkje full­før­te veka og reis­te heim.

Trass i all den fy­sis­ke på­kjen­nin­ga dei måt­te gjen­nom­gå, var dei svært til­freds med arbeidsveka. Det aller kjek­kas­te dei fekk bryne seg på var dei alle sam­de om: å få sky­te på blink med AG-3 ge­vær som vog nær fem kilo.

Un­der opp­hal­det fekk elev­ane frå ØUS også god inn­fø­ring i kva mog­leg­heit dei har for ut­dan­ning i for­sva­ret i framtida. Fleire syn­test det­te var in­te­res­sant, sjølv om dei såg på dei uli­ke test­ane etter førs­te­gongs­te­nes­ta som ut­ford­ran­de.

Elev­ane vil på alle må­t­ar an­be­fa­le an­dre som skal ha ar­beids­ve­ke sei­na­re om å tak­ke ja til mi­li­tær­leir om dei har mo­ti­va­sjon­en med seg og om sku­l­en er så hel­dig å bli in­vi­tert igjen.

Øvingar: Under øvingane i militærleiren fekk elevane frå Ørsta ungdomsskule teste styrken i mellom anna desse metodane. Planken vart brukt til straff ved uønskt åtferd. F.v.: Marcus Lunde, Gard Rekkedal, Arthur Gulla, Kristoffer Frislid og Robin Olai Sætre Follestad