Statistisk sentralbyrå publiserer to gonger i året detaljhandel-statistikk per kommune. Tala for andre halvår i fjor er no klare, og samla viser 2014-tala at Ørsta har hatt ei svært god utvikling. Volda har og god auke.

Butikkar

Statistikken handlar altså om omsetninga (eks. moms) frå alle mva-registrerte utsalsstader i Ørsta og Volda.

Detaljhandel dreier seg om alt frå frukt og grønt på kolonialforretninga, via kvitevarer og polvarer, til møbel og bøker. Kort sagt alt som er å få kjøpt i butikkar. Unnateke er handel på bensinstasjonar, bilforretningar og agentur.

Handelen i Ørsta

Detaljhandelen i Ørsta kommune omsette i fjor for 78.752 kroner per innbyggjar. Samanlikna med 2013, så er dette ein auke på pene 5,4 prosent, eller 4.051 kroner per snute. Denne utviklinga kan vi samanlikne med handletendensane i heile Noreg.

Det viser seg nemleg at kvar nordmann handla for 2,8 prosent meir i 2014 – i forhold til året før. Auken i Ørsta er altså ein del betre enn kva vi kan vurdere som «vanleg». Kvar nordmann brukte 77.911 kroner på detaljhandel i fjor. I reell vekst var det ein auke på 2.109 kroner per bebuar i Noreg.

Handel i utlandet og i utanlandske nettbutikkar inngår naturleg nok ikkje i desse tala.

Trur på mindre auke

Sjeføkonom Reid Krohn-Pettersen i Norsk Familieøkonomi trur ikkje vi vil få sjå så store endringar i dei norske husstandane sitt handlemønster i tida framover.

– Vi har sett over lengre tid at hushalda har hatt ein god lønnsvekst over tid, samtidig som ein god del av forbruksvarene har blitt billigare. Dette vil nok i hovudsak fortsetje, trur han.

– Vi vil nok i 2015 sjå ein mindre auke enn tidlegare, grunna større sparerate blant nordmenn. Men så lenge ein framleis har hyggjelege lånerenter forventar vi at ein god del framleis vil kjøpe det ein har behov for. Viktig å hugse at import av dyre forbruksgjenstandar har auka i pris grunna valutakursen dei siste månadene, dette kan også leggje ein omfattande dempar på framleis vekst, poengterer Krohn-Pettersen.

Fleire faktorar

I Volda kommune blei det omsett for heile 86.227 kroner per innbyggjar i butikkane. Dette er 2.747 kroner meir enn kva som var tilfellet i same periode året før. Det gir ein vekst på 3,3 prosent her – også det ein del meir enn det norske snittet på 2,8 prosent.

Verdien i denne statistikken er altså målt etter innbyggjartal, og fortel dermed noko om kor god omsetninga er i forhold til innbyggjartal. Verdien fortel ikkje kor mykje kvar enkelt innbyggjar faktisk har handla for i eigen kommune – då omsetninga sjølvsagt kan stamme frå både turistar og folk busett i andre kommunar.

Veldig ofte ser ein at kommunar med mange hytter, feriedestinasjonar, turistattraksjonar, transportknutepunkt og sentrale teneste- og handletilbod (som Ørsta og Volda) kjem høgt opp på lista. Dessutan også kommunar med større nettbutikkar. Denne nettomsetninga blir registrert i kommunen kor nettbutikken held til. Eksempel på det siste er Sandefjord og Songdalen, som huser dei største og mest populære nettbutikkane i Noreg.

Yngve JohnsenEn-to-tre tekst

Trur på moderat vekst: Sjeføkonom Reid Krohn-Pettersen i Norsk Familieøkonomi meiner det kjem til å bli ein moderat auke i handelen i åra framover. (Foto: Elisabeth Tønnesen)