Onsdag kveld vart ein ruskøyrar teken i Volda, ein 17 år gammal mopedførar mista førarkortet og to personar dreiv skadeverk i Volda.

Rundt klokka 19.30 stoppa politiet eit køyretøy for kontroll i Volda. Politiet mistenker at den kvinnelege sjåføren i 20-åra var rusa. Ho var heimehøyrande i Nordfjord, og hadde narkotika i bilen. Det vart teke blodprøve, og førarkortet til kvinna vart beslaglagt.

Klokka 19.35 vart politiet vitne til at ein 17 år gammal mopedførar dreiv med uvettig køyring i Ørsta sentrum. Mopeden vart køyrt på bakhjulet både på hovudvegar og gangvegar. Politiet opprettar sak, og førarkortet er beslaglagt.

Tidlegare på dagen oppstod det konfrontasjon mellom to mannspersonar i Volda. Fleire vindauge vart knust. Politiet rykte ut til staden. Den eine parten vart teken med til sentralarresten i Ålesund. Det vart beslaglagt mindre mengder narkotika på staden.