I førre veke var det næringslivet som sa sitt om at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil gjere flyruta Hovden-Oslo kommersiell, og fjerne statsstøtten.

No kjem ti ordførarar frå kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord, i tillegg til fylkesordføraren med ein tilsvarande uttale.

– Ordførarane  på søre Sunnmøre, i Stranda, Stryn og Hornindal og fylkesordføraren i Møre og Romsdal  vil med dette uttrykke vår sterke uro og protest mot at Oslo-rutene frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden ikkje lenger skal vere med i FOT-rutene som er gitt tilskot frå staten, heiter det i uttalen.

Ordførarane meiner kommersialisering av ruta ikkje er berekraftig, og at det vil føre til dårlegare tilbod, auka prisar og nedbygging av flyplassen.

– Denne avgjerda er stikk imot dei råd som næringslivet, kommunane og fylkeskommunen gav i høyringsrunden, heiter det.

Ordførarane meiner også at ei kommersialisering av ruta gjer rammevilkåra for den marine og maritime industrien på Søre Sunnmøre mindre stabil i ei allereie vanskeleg tid.