Det kjem fram i eit svar til Fylkeslege i Møre og Romsdal, der han har utfordra kommunane om legevakttenesta.

Gotteberg vedgår at legevakttenesta i dei to kommunane ikkje er optimal.

Dette gjeld særleg i perioden etter kontortid ved legesentera og i helgane fram til den felles nattlegevaktordninga ved Volda sjukehus tek over.

Og det er i desse periodane at Gotteberg ynskjer eit samarbeid.

– Legevaktordningane må verte så store og robuste at dei kan ha eigen legevaktsjef, fast personell også kveldar og helgar saman med vaktlegen, og legevakta etter kontortid for legetenesta og i helgane kan med fordel verte lokalisert til Volda sjukehus sitt akuttmottak, kommenterer Gotteberg.

Han ser også føre seg at legevakta vert fast utstyrt med ein eigen og markert legevaktbil, og at det vert to legar på vakt samstundes. Då kan den eine køyre ut på sjukebesøk, medan den andre kan vere på legevaktkontoret.

Gotteberg påpeikar at kommunane må vere medvitne på ansvaret dei har for legevakt.