Hendinga fann stad i juli 2014. I ein personbil køyrde mannen ei strekning på 3.997 meter i Eiksundtunnelen med ei gjennomsnittsfart på 135 km/t. Fartsgrensa på staden er 80 km/t. Mannen erkjente seg straffskyldig etter tiltalen i retten. Han forklarte at då han køyrde i tunnelen så pressa han ikkje hardt på gasspedalen, men det var bratt skråning nedover. Han tenkte på andre ting og bilen køyrde fort. Mannen har to døtrer, og han var klar over at den eine hadde epilepsi. I juni i fjor fekk han vite at den andre dottera også hadde epilepsi, og ho byrja å få anfall i fjor sommar. Under køyringa såg ikkje han på speedometeret. Mannen forklarte at han såg rett fram og tenkte på det som hadde skjedd.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til samfunnsstraff i 30 timar, med ei gjennomføringstid på 90 dagar, subsidiært til fengsel i 18 dagar. Han vart frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i 9 månader, og må delvis avlegge ny førarprøve.

I retten erklærte mannen at han godtok dommen.