Møre-Nytt inviterer til fotokonkurranse i samband med Ørsta-avisa, som kjem i postkassa 25. juni.

For å vere med i konkurransen, legg du ut bilde på Instagram med emneknaggen #MittØrsta.

Bilda må ha motiv frå Ørsta kommune, elles er det ingen avgrensingar. Bildet kan vere frå favorittstaden din i kommunen, eit flott arrangement eller noko heilt anna.

Alle som nyttar emneknaggen, er med i konkurransen om eit kamera av typen Fujifilm Instax Mini. Det morosame kameraet printar ut bilda med ein gong, akkurat som eit gammaldags polaroid-kamera. Premien er levert av fotograf Carl-Åge Henriksen.

Alle bilda blir vist på denne sida. Dei beste bilda vil også bli vist fram i Ørsta-avisa.

Del gjerne konkurransen med venene dine på Facebook, Twitter og Instagram.