Ein mann i 60-åra er overført frå Ålesund sjukehus til Haukeland Universitetssjukehus etter ein klemskade på Folkestad 22. mai.

Det opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Mannen har vorte behandla på intensivavdelinga i Ålesund, og skadane blir skildra som moderate. Tilstanden til mannen er stabil.

Ifølgje smp.no vart mannen skadd på eit gardsbruk på Folkestad.